Helgenforklaring av Hellige Herman av Alaska 9./22. august

Feires også 12./25. desember

Hl. Herman var ein misjonær frå Valaam-klosteret i Karelia som dro om Sibir til Alaska i 1794. Medan russiske handelsmenn der
ville utnytja urfolket, kjempa Hl. Herman deira sak både lokalt og overfor dei russiske myndigheitene og vann fram. Han lærte
deira eiga språk, og i samarbeid med den framtidige patriarken av Moskva, Hl. Innosents, lærte han dei å skriva deira eiga språk jamsides
 med russisk. Mange aleutar frå Alaska fekk høve til å ta utdanning ved universiteta i Russland, m.a. i St. Petersburg. Dette
var elles nesten uhøyrt i dåtidens misjonsverksemd i Vesten, der urfolket oftast vart sett på som undermenneske som
kunne kjøpast og seljast som dyr. Hl. Herman var eit førebilete i både tru og handling!

 (fra hl.herman.no)